Nyhende

Nordøyvegsaka vert ikkje behandla i fylkesutvalet i dag

Fredag satte fylkesrådmann Guttelvik opp på sakslista til fylkesutvalet at ein skulle avlyse anbudskonkurransen for Nordøyvegen. Høgrepolitikar Charles Tøsse ba om at saka vart sletta frå sakslista, då politikarane har fått for kort tid på seg i denne saka. Fleirtalet gjekk inn for sletting og saka kjem opp i fylkestinget i oktober.