ODD EINAR FJØRTOFT
Firmaet leverer tenester til landbruksnæringa og privatfirma. Vi disponerer to Doda HD 35 pumper med ein kapasitet på inntil 260 m3/time på kvar pumpe. Løftehøgda er teoretisk på 170 meter. Firmaet disponerer to Valtra traktorar på 211 og 215 Hk til pumpene. Pumpene er godt egna til pumping av vatn frå byggegroper med ein samla kapasitet på inntil 520 m3 i timen. I tillegg disponerer vi ein Valtra 142 Versus på 180 Hk til slangetromlar. Vi har 800 meter med 125 mm slepeslangar og 1700 meter med 100 mm slepeslangar. Firmaet disponerer utstyr for jordarbeid og tilsåing, Vaderstad Carrier 300 slepemodell, Kivi Pekka 600 steinplukker, Einböck Pneumaticstar 600 såmaskin og åkerrull. Firmet disponerer også ei beltemaskin, Kobelco SK 135 med m.a. dyrkingskuff og ein Lilleset dumperhenger. Eigar har yrkesbevis for anleggsmaskinførere, kranførerbevis G 20, ADK1-sertifikat, kompetansebevis arbeidsvarsling og truckførerbevis.